vv_imagemark_brown_SMALL.png

 

Gro Espedal – dirigent

Espedal er dirigent, musikkpedagog og lærarutdannar, utdannet frå Høgskolen i Bergen, Griegakademiet, UiB og NTNU.

 

Ved sida av arbeidet som dirigent i Volve Vokal arbeider Espedal som førsteamanuensis i pedagogikk ved Høgskulen på Vestlandet. I korarbeidet er ho særskild oppteken av klang og potensialet som ligg i koristane sine stemmer, og legg stor vekt på myndiggjering av ensemblet.

Saman med Volve Vokal ynskjer ho å utforske koret som form eller sjanger og eksperimentere med korkonserten sine moglegheiter.

Thea Meidell Sjule – dirigent

Sjule har musikkpedagogisk utdanning frå Høgskolen i Bergen og Volda og har direksjonsstudier frå konservatoriet i Tromsø.

 

Ho er for tida tilsett på klassisk fordypningsprogram ved Bergen kulturskule og i fleire barne- og vaksenkor i Bergensområdet. Sentralt i Sjules arbeid står eit ynskje om å kuratere helkunstopplevinger med kormusikk i sentrum. Sjule har arrangert, komponert og utvikla fleire konsepter og forestillinger for og saman med Volve Vokal i si tid som kunstnarleg leiar, ofte med det kollektive eksperimentet og improvisasjon som utgangspunkt.
 

Hild C. Vang – scenisk-visuell leiar

Vang er scenekunstnar og kunstpedagog, utdanna frå Universitetet i Bergen og Høgskolen i Bergen.

 

Ho har medverka i flere sceneproduksjonar og har regissert ei rekkje framsyningar, inkludert de fleste av Volve Vokal sine produksjoner.

Vangs teaterestetikk finn seg i krysninga mellom det fysisk-visuelle og det lydleg-musikalske. Ho jobbar ofte med teknologiske element og opererer primært innafor eit performativt  dramaturgisk landskap.