Gro Espedal – dirigent

Espedal er dirigent, musikkpedagog og lærarutdannar, utdannet frå Høgskolen i Bergen, Griegakademiet, UiB og NTNU. Ved sida av arbeidet som dirigent i Volve Vokal arbeider Espedal som førsteamanuensis i pedagogikk ved Høgskulen på Vestlandet. I korarbeidet er ho særskild oppteken av klang og potensialet som ligg i koristane sine stemmer, og legg stor vekt på myndiggjering av ensemblet. Saman med Volve Vokal ynskjer ho å utforske koret som form eller sjanger og eksperimentere med korkonserten sine moglegheiter.

Thea Meidell Sjule – dirigent

 Sjule har musikkpedagogisk utdanning frå Høgskolen i Bergen og Volda og har nyleg fullført direksjonsstudier ved konservatoriet i Tromsø. Ho er for tida tilsett som dirigent i Bergen Kulturskole, og i fleire barne- og vaksenkor i Bergensområdet. Sentralt i Sjules arbeid står eit ynskje om å sjølvstendiggjere songaren og gruppa, for å skape overskot til å ikkje berre framføre, men òg formidle musikken. 

Hild C. Vang – scenisk-visuell leiar

Vang er scenekunstnar og kunstpedagog, utdanna frå Universitetet i Bergen og Høgskolen i Bergen. Ho har medverka i flere sceneproduksjonar og har regissert ei rekkje framsyningar, inkludert de fleste av Volve Vokal sine produksjoner. Vangs teaterestetikk finn seg i krysninga mellom det fysisk-visuelle og det lydleg-musikalske. Ho jobbar ofte med teknologiske element og opererer primært innafor eit performativt  dramaturgisk landskap.

© 2018 by Volve Vokal.  Created with Wix.com

  • White Spotify Icon
  • Twitter Clean
  • White Facebook Icon
  • White YouTube Icon